call_end

    • St chevron_right

      Det amerikanske dobbeltregimet

      nyheter.vitalitetsliv.net / steigan-no • 24 februar 2026 • 4 minutes

    Michael Glennons «National security and the double government» er – som mange viktige bøker – eit ganske kortfatta arbeid. Vel hundre sider, og ikkje spesielt utilgjengeleg når det gjeld språk og sjargong.

    Men boka gjev eit svært kvalifisert forsøk på å svara på spørsmålet «kven styrer i Washington», og Glennon gjev teori og terminologi som gjer det mogleg å rydda opp i mykje forvirring.

    Kjernen i Glennons teori er at USA har eit system med eit dobbelt sett institusjonar – ein fordobla statsstruktur.

    Grunnmuren i denne strukturen er det Glennon kallar «Madisonske institusjonar»: Kongress, president og domsstolar. Det systemet av kontrollmekanismar og maktbalansar som er skildra i den amerikanske grunnlova, og i Federalist papers.

    Desse institusjonane lever i symbiose med eit anna sett med institusjonar, det Glennon kallar «det trumanske nettverket», der den verkelege makta no i stor grad er lokalisert.

    Den nasjonale tryggleiksstaten som vart bygt opp i Trumans presidentperiode – det nasjonale tryggleiksrådet, CIA, NSA og eit nettverk av føderale institusjonar som løyner seg bak teieplikt og hemmelegstempling, og som gjennom streng siling og kontroll hindrar at dei madisonske institusjonane får anna enn seremoniell makt.

    Glennon låner terminologi og grunnleggjande tankemønster frå Walter Bagehots klassiske «Den britiske konstitusjonen», som forklarte eit tilsvarande system i det viktorianske Storbritannia: Overhuset og kongen var sermonielle institusjonar, som fungerte som kulisse for den verkelege makta i den britiske staten – som låg andre stader. Den verkelege makta i staten hadde nytte av den mystikken, rituala og ikkje minst pomp og prakt som følgde med overhus og kongefamilie – og levde difor symbiotisk med statsinstitusjonar som var redusert til tomme ritual.

    På same måte lever den nasjonale tryggleiksstaten i USA symbiotisk med president, kongress og domsstolar – avdi desse berre unntaksvis grip inn i den nasjonale tryggleiksstatens totale – og ansvarslause – makt. Dei trumanske nettverka sit med makta i denne symbiosen. Alle er tente med å lata som om dei madisonske institusjonane framleis fungerer etter oppskrifta, men i realiteten er evna til å godta det som blir servert frå dei trumanske nettverka nøkkelen til ei lang og lukkeleg karriere i amerikansk politikk.

    Glennons omgrep sorterer to sider av dei politiske realitetane i USA, og tilhøvet mellom realitet og formalitet. Han grunngjev også godt kvifor det madisonske skodespelet må halda fram, trass i at makta har flytta over i det trumanske nettverket. USA etter andre verdskrig er eit imperium, og som imperium er landet eit sjølvherskardøme. Men dette sjølvherskardømet har ei særeiga form: Ikkje som eit keisardøme med ein keisar legitimert av ein passande ideologi, men som eit byråkratisk nettverk, som hentar makt og legitimitet av si evne til å skapa og løysa nasjonale tryggleikskriser.

    Sagt på ein annan måte: Den amerikanske republikken har vorte vertskap for eit globalt imperium, der vertskapet held oppe fasaden av demokratisk republikk, medan dei globale herskarane tek dei store avgjerdene i forum som er utilgjengelege for den madisonske grunnlova.

    Det er mogleg å argumentera for at dei «trumanske nettverka» oppstod tidlegare – i si første form under Wilsons intervensjon i første verdskrig, og ikkje minst under veksten til føderalstaten under Roosevelt – særleg etter at ein byrjande nasjonal tryggleiksstat tok form frå 1940. Men det skjedde ei omstokking og konsolidering av denne nasjonale tryggleiksstaten under Truman, og det finst tunge argument for å sortera dette slik Glennon gjer.

    Boka til Glennon syner overtydande korleis det tvikløyvde regimet sikrar kontinuitet frå president til president – den nye presidenten vil vidareføra regimet, sjølv når han har vunne val på å konfrontera politikken til dei trumanske nettverka – slik td. Obama gjorde. Makta fungerer, og sikrar at nye presidentar tilpassar seg den eksisterande orden og maktstruktur. Glennon syner også korleis forsøk på å reformera systemet, og innføra tilsyn og kontrollmekaismar, i stor grad endar opp som vatn på gåsa. Å freista reformera dette dobbeltregimet som om dei madisonske statsinstitusjonane framleis hadde makt som pålydande, er illusjorisk.

    For tida finst det eit sterkt press både på høgre- og venstresida mot å diskutera «konspirasjonsteoriar». Vi skal alle lata som om makta er i dei rette hender, under ansvarleg kontroll, og tilrekneleg etter lova. Eller med andre ord: Vi skal lata som om dei madisonske institusjonane fungerer slik dei skal, slik vi skal lata som om «all makt er samlet i denne sal» i Noreg.

    Det er svært lite populært å diskutera kven som eigentleg styrer i dei vestlege landa. Og stabiliteten til regimet krev at vi ikkje diskuterer dette.

    Michael Glennons bok er eit svært godt alternativ til både nostalgisk og illusorisk tru på status quo, og til billige konspirasjonsteoriar som byggjer på mistankens hermeneutikk. Glennon gjev eit potensiale for å rydja opp i mange slags forvirring, og i allslags servilitet kamuflert som «progressivt» forsvar av minoritetar eller «konservative» ønskje om symbiose med det militærindustrielle komplekset. Men skal ein ta ut dette potensialet, må boka lesast. Av mange.

    Michael J. Glennon: National Security and Double Government. Oxford University Press 2016. 312 sider (over halvparten noter og register).

    Denne bokanmeldelse publiserte Hans Olav på sin Facebook første gang 16.feb21.

    FOTO: Harry S. Truman presidentbibliotek og museum ID 260825134 @ Ken Wolter | Dreamstime.com